STARTSIDE


OM OSS


VEDTEKTER


HISTORIKK


ANDRE KRISESENTRE

Historikk

Krisesenteret for kvinner i Sunnhordland vart etablert hausten 1981. Me byrja i det små med kveldsope i helgane og dagvakt nokre få timar kvar måndag.
Den gongen kalla me oss Nødtelefon for kvinner i Sunnhordland.

I 1982 fekk me budsjettauke slik at me fekk eit lite hus til disposisjon, og samstundes fekk me dagarbeidar måndag-fredag frå kl. 11:00-14:00

I 1985 hadde me namneendring, og vart heitande Krisesenteret for kvinner i Sunnhordland. No fekk me ôg tillsett ein dagarbeidar i 50% stilling.

Frå juni -89 til juni -90 hadde me ei prøveordning med døgnope. Gjennom ei vidarekobling ved telefonsentralen vart den som ringte Krisesenteret etter stengetid, kobla vidare inn på privatnummeret til medlemmet som hadde vakt. Då dette innebar å ha vakt i eigen heim, var det mange som fann ordninga lite tilfredsstillande, så den ordninga fall diverre bort.

I 1990 flytta me inn i nytt husvære med to bueiningar. Me leiger huset hos Stord kommune.

I 1994 fekk me utvida opningstida vår med ein time. Då hadde me ope måndag-fredag frå kl.09:00-18:30 og fredag til laurdag frå kl. 20:00-07:00.

Etter stengetid vert dei som ringjer Krisesenteret møtt av ein telefonsvarar som opplyser om opningstida vår.
Ved akutte situasjonar kan dei som treng oss utanom opningstida ringja politi, lege eller sjukehus. Dei har namn og telefonnummer til nokre av vaktane, slik at dei kan kontakta oss.
Bur der derimot brukarar på huset, då har me bakvaktar som kjem inn når dagarbeidar går av vakt. Då er krisesenteret på heile døgeret.

1. april 1998 fekk me 1 ½ time lengre opningstid. Me tilsette dagleg leiar i 100% stilling og tre dagarbeidarar som delar ei 53,33% stilling.

Eit steg om gongen har vore med på å forma vegen til Krisesenteret frå 1981 og fram til i dag – og målet er stadig at ringen ein dag skal verta slutta, med vakttider som grip inn i einannan til eti døgnope tilbod. Det er berre økonomien som gjer at det ikkje er slik i dag.

Fax: 53 41 12 11    E-post: krise-shl@c2i.net